mandag 23. august 2010

Hei igjen!

Så var vi her igjen...sløv med å legge inn nye innlegg som vanleg.
er travle dagar her og blogging står ikkje øvst på "to do" lista her i huset.

Sida sist har Marcus blitt 15.mnd, var på kontroll på helsestasjonen forrige veke. Var då 79 cm lang, 10185 gram og så fekk han sprøyte. Den har vi hatt bivirkningane av denne helga, med en febersjuk gutt. Men har var i fin form ellers=)

Gutten har og begynnt i barnehagen!! Det er stas,veit du!
Litt vanskleg å forstå at mamma jobbar der og ikkje er der berre for han,men vi får tru det går seg til. Det kunne vore værre!
Er mange ungar der på hans alder, og masse,masse rart å sjå på!

Ellers har vi det berre bra, og eg tenker dagleg på kor fort tida går og kor stor Marcus har blitt....i fjor sommar var han liten og låg i vogna og sov i varmen.
I år er han stor gutt som spring rundt over alt her;-)

Vi har og pussa opp kjellarstova her sidan sist, og er godt nøgde med resultatet!
Bildet kjem etterkvart!

Håpar vi får ein fin haust no for å kompansere litt for den trasige sommaren vi har hatt i år.
Vi får håpe det blir bedre neste år.

Stor klem til alle!



torsdag 22. juli 2010

Jau,eg er flau....

Ja,då står faktisk forrige innlegg datert i MAI!! Rett og slett pinleg!!
Har tenkt mange gongar at eg skulle oppdatert litt, men det var det med å overføre tankane til praksis!
Men her kjem det altså ei lita oppdatering...

Det er i dag 22.Juli og mykje har skjedd dei siste mnd.
Marcus er blitt stor gutt og spring rundt her i full fart heile dagen!
Han knekte gå-koden 17.juni og sia har han gått mykje!
En blid og god gutt som prater og prater som berre det.

Han er forøvrig og glad i sjokolade=)

Vi har og hatt bryllup i heimen.
19.Juni var vår store dag, og vi hadde ein nydelig dag!



Sola skein og alt var heilt perfekt. Vi hadde litt vind i håret, men det gjorde ingenting!



Marcus var brudesvenn/ringbærer og skjønne Sofie var brudepike!

Nydelige begge to! Krabba rundt i kirka og gjorde at eg vertfall slappa av litt;-)
Så no har vi vore rette ektefolk i litt over 1 mnd, og vi er fortsatt venner=) hehe

Ellers går det meste som før. Det er travle dagar med ein aktiv krabat i heimen.
I dag har han reist på ferie til Besta og Bestefar i Askvoll -heilt åleine.
Eg og Nils Ove skal til Bergen på kjæreste-tur på lørdag til søndag, så då hentar vi Marcus på vei heim. gledar meg allerede til å sjå prinsen igjen! *sukk*
Det er litt tomt her. Men vi har veldig godt av det alle 3,trur eg.

Mor er no godt i gang med si 2. ferieveke (denne perioden..har hatt 2 veker før og), og har no 1 veke igjen..men har fortsatt ikkje sett snurten av sola!
 Ein skulle fått litt av ferien tilgode då!

Men ser desto meir fram til bryllupsreisa vi skal på neste år!!! *drømme*

Skal prøve å ikkje være SÅÅÅ treig med neste oppdatering no.
Takk til dei som gidd kikke innom å sjekke etter nye innlegg.

Ha en fortsatt god "sommar"!!




   

mandag 24. mai 2010

Olala....

Ja,då var eg så snart innom en tur igjen...
Det er ikkje så lett å få tid til alt, når døgnet har alt for få timar....
Eg har og begynt å jobbe igjen, så då går tida desto fortare!

Men her har no skjedd litt sia sist ja.
Vi skriver no 24. Mai og Marcus er blitt 1 år og 10 daga!
Det er virkelig heilt vanvittig som tida flyr.
Vi hadde ei flott 1 års feiring, og vi feira i fleire daga=)
Den store dagen var fredag 14.Mai, men då var mamma på jobb, så det blei ikkje den store feiringa den dagen.
Laurdagen klinte vi til med barneselskap, og gutten kosa seg med 3 andre på sin alder=) det var morro. Mamma og pappa kosa seg og=)
Søndag hadde vi famileselskap. Då var Besta og Bestefar i Askvoll her, Besta og besten i Førde.
Tante Katrine og Thomas, Onkel Kim-Rudi, Onkel Øystein og Merethe og Oldemor på Støylen.
Det var stas, og Marcus fekk MASSE fint!!
Mandag var det 17.Mai, og dei blei jo litt styr den dagen og, så det var ein sliten 1 åring etter så mange dagar med full fart. men vi kosa oss alle 3=)

Ellers er han no meir aktiv enn nokon gong, er nok like før han tørr sleppe taket og gå for eiga maskin, men foreløbig er han aldri så lite skeptisk til det og vil helst ha ei hand å holde i. Men det går stadig framover=)
Han pratar meir og meir og er ENDELIG begynt å bruke "mamma"!!!! Nåke eg synst var på tide!
Seint men godt!:-D

Det nærmar seg og FORT bryllup i heimen!
Det er i skrivande stund 25 dagar igjen, noko som er så godt som INGENTING i slike samanhengar!
Begynner så "smått" å merke nervane begge to,trur eg.
Men foreløbig går det bra.
Underteikna er omsider ferdig med den berømte talen, noko som stressar far i huset aldri så lite;-)
Så får vi berre vente å sjå om eg i heiletatt greier å holde tale:-p
Sangheftet begynner og så smått å ta form, og trur alt av pynt og slikt dill er i boks.
Har eit par ting som gjenstår, men vi får håpe vi får alt i havn.

Helgane er ikkje som dei engang var her...det er nok eit utdrikningslag eller to på gang, så blodtrykket stig litt kver gong det nærmar seg vekeslutt. Men det er vel ingen vei utenom;-)

Då takkar eg får denne gong og avsluttar her. I helga skal vi forresten til Askvoll, har ein heil del vi må gjere der ute og!=)
Ha ei god veke i "våren"!

Over og ut.




søndag 2. mai 2010

Kom Mai du skjønne milde!

              Då har vi bladd om endå eit ark på kalendaren,
og no står det Mai..
Ein begivenhetsrik mnd her i huset.
-Det nærmarer seg FORT bryllup, og har ein følelse av at mykje gjenstår...
(men eg finn ikkje ut ka det er vi har glømt..)
-Det er heller ikkje mange dagane til Marcus blir 1 år..
Det er litt blanda følelsar egentlig...er sjølvsagt VELDIG stas å feire 1 års dag,
men kor er det blitt av babyen vår????
Tida går så altfor fort!

Mor i huset er no begynt å jobbe igjen og.
Godt å komme seg ut litt og tilbake i normalt "gjenge", men var ikkje så morro første dagen:-p
Men etter nokre timar slo eg meg til ro med at han hadde det heilt flott heime med pappa'n.
Og gutta boys kosar seg!!=)
Så no skal Nils Ove jobbe mandag og tirsdag, og eg jobbar onsdag, torsdag og fredag.
(NO har 60% pappa-perm for å få forlenga permisjonstida, fram til Marcus skal i bhg.)

Ellers har Marcus no fått 6 kvite tenner.
(Forrige helg poppa det ut 3 tenner på 4 dagar.)
Så no kan han virkelig bite i frå seg, så pass fingrane!

Håpar alle har hatt ei fin helg og får ei fin veke!

So Long!





onsdag 14. april 2010

1 mnd igjen!

Hurra!!
I dag er Marcus 11 mnd gammal, og det er altså berre 1 mnd igjen til den store dagen hans!
Tida flyr og det er knapt så vi rekk henge med i svingane.
Vi har langt mindre tid til å blogge vertfall...:-p
(beklager,kom ikkje på noko betre unnskyldning for å ikkje ha oppdatert på snart 1 mnd..)

Det skjer store ting i denne alderen, og han oppdagar stadig nye ting.
Det er ikkje lenger så morro å krype heller..no skal han berre gå.
Så mamma og pappa går her krokrygga store delar av dagen;-)
Men han går sjølv dersom han har noko å holde i. Så han veit å komme seg fram på eiga hand.

På mandag kom og tann nr 3 fram og såg dagens lys, så no har han 2 nede og den første framtanna oppe er altså på vei ut;-) så søt atte;-)

Ellers nyter vi dei deilige vårdagane.
Vi er mykje ute i sola og Marcus storkosar seg. Han er med å køyrer traktor og det er fortsatt noko av det største som er. Så tøff der han sit med solbriller og "peltor"hørselvern. -Og han veit det sjølv og! hehe
Får desverre ikkje lagt inn bilder endå, då pc'ane mine har takka for seg og eg ikkje gidder legge dei inn på ein anna pc.
Men bilde kjem etterkvert.

Eg må no nyte den siste veka av mammapermisjonen min...
Begynner å jobbe igjen neste fredag og eg gru-gleder meg.
Blir ikkje så kjekt å reise ifrå Marcus, men veit han har det bra her når eg er på jobb,så det går nok fint.=) Berre uvant til å begynne med.

Det nærmer seg og bryllaup i heimen, og spenninga stig.=)
Vi gleder oss masse og TRUR vi har brukbar kontroll....(men det vil jo vise seg.:p)

I måra lurte vi på om vi rett og slett skal reise på hotellet og bade.
Lenge sia vi har vore der no, og Marcus må jo få øve på alt han lærte på babysymjinga=)
Vi får sjå ka det blir til.

Uansett ønsker vi alle en fortsatt fin kveld og så får vi tru det ikkje blir like lenge til neste oppdatering!:-p

Ciao!

fredag 19. mars 2010

Ingen superblogger

Nei, eg er ingen superblogger. Er jo faktisk 10 daga sia forrige innlegg her...sløvt!!
Men dagane fyk avgarde, og det er håplaust å prøve å blogge på dagtid når Marcus er over alt her..og så blir det ikkje den dagen heller:-p
men her kjem ei lita oppdatering.

Sia sist har prinsen blitt 10 mnd, og no er det bånn gass heile tida!
Han kryp i full fart over alt her, og klatrar og klyv på det han måtte finne.
Leikar er ikkje lenger så spennande, no er det meir morro med alt som står på bodet eller er i skuffer, hyller og skap rundtom.
Forrige helg var han sjuk, stakkar..forkjøla med feber.
Er fortsatt litt forkjøla, men i fin form.
Så vi kom oss ikkje på bading på mandag=( det var kjedlig...var siste gongen og.
Men til hausten er det nytt kurs, og i mellomtida får vi holde ved like det vi har lært sjølv;-)

Ellers går dagane som normalt. Det er snart påske, og neste helg reiser vi til Askvoll.
Mulig eg og Marcus blir igjen der når Nils Ove skal heim å jobbe i veka.
Ellers går det mykje i bryllupsplanlegging, er ein heil del som må ordnast med.
Men trur vi har kontroll. Er 2 veker til svarfristen går ut, så får sjå kor mange som svarer.
Og i dag er det akkurat 3 mnd igjen. Vi gler oss!

Det er fredag og nok ei veke er snart over.
Håper alle får ei fin helg, og at snøen regnar vekk fort og vi får vår!!


Ciao!



tirsdag 9. mars 2010

Hei igjen!!

Kalenderen seier no tysdag 9.mars, og tida flyr!
-Gratulerer Sofie så masse med 10.mnds dagen i dag!:-D

Etter ei hektisk helg med vannlekasje i taket her, så har vi endelig fått roa ned igjen.
Og ser ut til at skaden ikkje blei så stor som først frykta, heldigvis!
Flinke Nils Ove har ordna opp. Veldig greit med en Handyman i huset=)

I dag har Marcus hatt GUTTEBESØK til en forandring;-) hehe
Erian og mamma'n Mariell har vore her idag, og det var kjempekoslig!:-D
-kjekt å sjå dei igjen!

Ellers går dagane som normalt, og det er full rulle fra morgon til kveld.
Krabbekoden er jo løst, så her er det full fart over golvet heile dagen=)
Morro å sjå utviklinga på desse småtrolla, som ikkje er så små lenger.
Det går så vanvittig fort! og rekner ikkje med at det går saktare framover,
men det er vel sånn det skal være...er berre å nyte det som best en kan.

Og no venter vi på VÅREN!!!
Er så lei av snø!!!


Ha en fortsatt fin tirsdagkveld.

PS: I går begynte eg på Level 2 av 30 day shred, og level 1 var BLÅBÆR i forhold!!
*puh*
I dag hadde eg blodsmak i munnen etter treninga..hehe.
og ja, eg er i elendig form!!:-p  foreløbig.


fredag 5. mars 2010

Liten oppdatering fra veka som har gått.

Dagane flyr og her skjer saker og ting.
Vi hadde jo besøk av Sofie og Sunniva forrige helg, og må jo legge ut et bilde av dei 2 nusselige.

Dei er så søte <3
Men Marcus har hatt meir "damebesøk" den siste veka han..:-p
På onsdag hadde vi besøk av Maria og mamma'n Anne, det var koselig!=)


Guten har og komt seg opp på alle 4 og no går det unna her!
Han kryper som berre det, flinkingen vår.
Mora springer etter heile dagen--for en energi det er på han!!:-O

Og i dag (fredag) hadde Pappa'n fri, så han har herja litt med han og;-)
Dei storkosa seg i lag.
Og den første TRAKTORTUREN er no eit faktum!!
Mor i huset var skeptisk og tenkte at han blei nok redd når han var sååå nærme traktoren.
Han sitter jo gjerne i vogna på trappa og ser når pappa måker snø med taktoren, men er jo litt på avstand då.
Men det gjekk jo over all forventing i dag!
Han skreik litt når Nils Ove lukka traktordøra (det small jo litt), men så fort han begynte å kjøre, så var det greit.
Dei kjørte en liten tur ut på beitet, og tru det eller ei, men på vei tilbake så SOVNA Marcus!! hehe. Og var STORFORNØGD når han kom heim!
Prøvte å legge han ut i vogna når han kom igjen, så han kunne sove der, men det skulle han vertfall ikkje! Han drog seg oppigjen i vogna og sa berre "takto, takto". heilt i hundre:-p

Så det blir nok fleire traktortura på dei ja.=)

Ellers har vi det berre bra alle 3, og no er det endelig helg.
Dagens treningsøkt er gjennomført (en dag igjen på level 1),
huset er vaska, prinsen er i seng og no senker kveldsroen seg.
Kanskje vi til og med skal unne oss et glas vin eller to i kveld;-)

Håper alle får en fin kveld i snøen.
Og riktig GOD HELG!!

søndag 28. februar 2010

Ei kjempekoslig helg!!

Då lakker og lir det mot helgeslutt igjen, og det har ikkje blitt mykje blogging i det siste.
Men dagane flyr og før eg får sukk for meg, og plutselig er det leggetid.
Men i helga har vi hatt kjempekoslig besøk av Sunniva og Sofie.
Sofie er 5 dagar eldre enn Marcus, så det er helt supert når dei får leike ilag.
Marcus var litt skeptisk til å begynne med og passa litt godt på traktoren sin til tider, men ho fekk låne den til slutt=) Han var og litt skeptisk til å dele pappas oppmerksomhet, hehe,
 men det gikk kjempefint det og.=)

Vi voksne hadde gresk aften i går kveld.
Nils Ove regjerte på kjøkkenet.
 -Laga deilig Gyros, og så drakk vi vin=) kjempekoslig!
Småsjefane sov godt i heile natt og våkna blide og førnøgde i dag tidlig.
Så vi håper dei snart tar turen igjen, for dette var kjempemorro!!=)

Når dei reiste heim igjen, kom Besta og Besten i Førde på besøk en tur,
så Marcus fekk herja litt til før leggetid=)
Når han var sovna, satte eg og Nils Ove i gang med 4. treningsøkt av 30 Days Shred programmet vårt. Vi hadde treningsfri i går, så måtte gi litt ekstra i dag, og det kjennest no:-p hehe
Men det er litt godt og;-)

Så no skal vi slappe av litt før det er leggetid.
Ha en fortsatt fin søndag!


tirsdag 23. februar 2010

Ta-too

-Er nok det mest brukte ordet her i huset om dagen.
Marcus har virkelig fått "traktor-genet" til pappa'n sin.
Og sjølv om han berre er 9 mnd, så veit han akkurat kva ein traktor er, og han bruker ordet på riktig plass! -Kjempemorro, men mor i huset kunne godt tenke seg at han begynte å bruke "MAMMA" før traktor!
Han har sagt mamma, men veit ikkje om det var bevisst.
Men,men..det kjem vel det og.

I dag har vi forresten vore ute og gått en liten tur, var på grensa til at det var for kaldt for lillegutt, men blei en liten tur. (Mamma synst og det var kaldt!:-p)
Etterpå var far og sønn på butikken, og sjekk ka eg fekk når dei kom heim!!
-Goe,snille guttane mine<3





Ha en fortsatt fin kveld!

søndag 21. februar 2010

Då er det endelig offisielt!!

VI SKAL GIFTE OSS!!!
-Og gjett om vi gleda oss!! hihi
No har alle fått invitasjonar, og det er ikkje hemmeleg lenger=)
Under 4 mnd igjen og, JEIKS,tida flyr!!
men trur heldigvis at vi har kontroll;-)

*puh*...det var godt å få det ut:-p


Anyway..ser eg har ikkje vore her på snart ei veke, gud som dagane flyr!
Vi har vore i Askvoll hos mamma og pappa i helga, lenge sia sist no.
Det var kjekt=)
Ellers veks Marcus fortsatt og vi har nok å henge fingrane i. hehe
Kjem nok nokre bilder i mårra=)

Ha en fortsatt fin søndag=)


mandag 15. februar 2010

Klatremus!!!

Så var det Mandag nok en gang.
Synst det akkurat har vore mandag, og vekene flyr før eg får sukk for meg.
Og det ser eg og på Marcus. -kor er babyen min????
No klatrer han på ALT han finner, og setter seg opp i samme slengen;-)

Det har vore en travel dag i dag, så no søv han godt.
Vi har vore på småbarnstreff i dag fra 11-13.
Etterpå sovna han i bilen på vei heim, så då kjørte vi liksågodt til Sandane for å kjøpe bursdagspresang til Andreas, som vi skal i bursdag til i mårra. (han var 1 år på fredag)
Gutten sov heilt til Sandane, sov menst mamma handla presang og sov liksågodt heile veien heim igjen og=) Så fekk seg en goood lur.
Så var det heim å ete middag og leike litt, før vi reiste på bading.
Har dykka og styra på i bassenget i dag og, så kjekt det er å bade!!=)

Så no er det tid for en stille og rolig kveld her.
I mårra skal vi som sagt i 1 års dag, så det blir morro, vi gleder oss!:-D

Slenger inn eit bilder av klatremusa, som ser Home and Away, close-up!!


Ha en fin kveld!

søndag 14. februar 2010

9.mnd, morsdag, fastelaven, Valentins dag. 14.februar.

Då var det 14.fabruar, en begivenhetsrik søndag.
For det skjer visst ikkje så ofte at det er morsdag, Valentinsdag og fastelaven på ein og samme dag! Er vel snakk om 3-4 ganga i løpet av 100 år!
Men morro er det å få feire sin første morsdag!=)
Fekk gavekort av guttane mine, på Bokuben i Førde, så no skal mamma snart på hobby-shopping, og eg gleda meg!!!;-D
Men her i huset er det ikkje "berre" det som skjer i dag.
Marcus er 9.mnd i dag!!!
( Og far i huset har dåpsdag..hehe, så fekk vi med det og=)

9.mnd ja..tida flyr.
Dagen har gått med til litt knall og fall då prinsen har begynt å reise seg opp etter det meste.
Men det høyrer med det og. Gikk over så fort han såg muligheten for å klatre på nåkke anna.
Ellers har han vore blid og førnøgd, sov til klokka var nesten 8 i dag tidlig, flinkingen!

Orda begynner å bli meir og meir tydlige her no..mulig det er innbilning frå vår side, men synst så tydelig han prøver å sei "traktor". Det blir meir og meir likt for kver dag. Og traktor er jo det største som er for tida. No når vi har to bilar i garasjen, så har traktoren måtte vike plassen og stå ute i kulden, og kver gang vi går opp trappa til loftet, så ser Marcus ut vinduet og seier "ta-to".
Så han veit tydelig kva det er=) (til pappa's store glede!)
Men ikkje alle traktora er like morsomme. Han fekk en fin traktor med hengar til jul av Besta og Bestefar i Askvoll, men denne måtte eg i dag fjerne.
På hengaren er det en gris som kikker opp av høyet når hjula på traktoren går rundt, men den som blir illsint når han ikkje får laus den grisen, jo det er Marcus!!
Så traktor og hengar flyg veggimellom her, så i dag tok eg den altså vekk ei stund=)

I mårra skal vi på småbarnstreff klokka 11-13, og seinare på dagen skal vi på bading.
Så det blir ein travel dag, men morro!
Heile gutten er berre et stort smil når vi seier vi skal på bading:-D

Til kjæresten min.

Elska deg over alt!
Suss frå jenta di!



Til slutt vil eg få ønske Mamma'n min en riktig god morsdag!!!!

 (det lille som er igjen av den)
Takk for at du er den du er, og takk for all hjelp og støtte i året som har gått!
Kjempeglad i deg, mamma!!
(vi kjem kanskje en tur utover neste helg=)

Ha en fortsatt fin søndag, morsdag, valentinsdag og fastelavensdag alle sammen!!

lørdag 13. februar 2010

Den som sover, synder ikke

I dag våkna eg klokka 08.30...og det var helt stille, Marcus sov enda.
Så eg benytta anledningen til å gå på badet og fyre i ovnen i fred og ro før prinsen våkna.
Fekk til og med lagt ihop litt kle.
Synst dette drog ut og fant ut det var best å gå opp å sjå til gutten...han hadde jo sove i 13 tima.
Gjekk først inn på badet med litt kle, og det var fortsatt stille.
Når eg åpna døra inn til rommet til Marcus begynte det å romstere i senga hans.
-Sånn "tatt-på-fersken-romstering":-p
Hadde tilfeldigvis mobilen i lomma, så fekk tatt et heller dårlig bilde, men dette var det som møtte meg..
Rakkaren:-p

Ellers har vi hatt en fin dag. Strålande sol og ikkje så kaldt heller, så vi har gått tur i dag.
Var ute i ca 1 time, så sov Marcus litt ute i vogna når vi kom igjen.


Var litt sterkt lys ute, med sol og kvit snø, så vi må gå til innkjøp av solbriller til han.
Men fint var det ute.

Den "plagsomme" sola har og og kikka inn i staua i dag, og Marcus skjønte ikkje heilt korleis han skulle unngå den, så vart nåkken rare fakter på golvet her.
 

OG tann nr 2 har kikka opp i dag (eller i natt).

Ha en fin kveld alle sammen.

onsdag 10. februar 2010

Sunniva har utfordra meg!

Og eg kan jo ikkje gjere anna enn å ta utfordringen på STRAK ARM!!!
hehe




Her er utfordringen:

1. Finn fram mobiltelefonen din.
2. Gå inn på innboksen din.
3. Bla nedover mens du holder knappen inne, og tell til fem. (Start på nytt med dette før hvert spørsmål)
4. Skriv den første setningen i meldingen som svar under hvert av spørsmålene.
5. Utfordre minst 4 andre.

Her er spørsmålene med svarene mine:

1.Hva ville du sagt hvis kjæresten din var utro?
-Hallo,søta mi!


2.Hva sier du alltid til din beste venn?
-Tusen takk og det samme til deg og dine!


3.Hva er det første du sier om en kompis av deg bli påkjørt av en buss?
-Nå begynner det å bli tungt.


4.Hvilken sms blir du mest glad for?
-Elska deg.
(så sant så sant=)


5.Hva sier du til foreldrene dine når du går å legger deg?
-De e greit


6.Hva vil du rope ut dersom du vant en million?
Godt med tott!

7.Hva vil du si til Gud hvis du møter han?
-Takk


Eg utfordrer:

Bollen vår


Ja,dagens tema er "Hveteboller", eller KVEITEBOLLA som vi seier;-)
Marcus fekk smake en bolle i dag etter han hadde vore flink å ete middagen sin.
Og det var morro det, for alle tre egentlig.
Små barn, små gleder og sånn..
Men underhaldande er det vertfall, det er heilt sikkert=)
For ikkje å snakke om kor mange smular det blir av en halv sånn bolle!
Men,men..øvelse gjør mester, seier dei..




Ellers har han ikkje heilt kontroll på den lille tanna han fekk på mandag.
Stakkars gutten beit seg i leppa i kveld, så han begynte å blø.
Men får tru han lærer snart.
Han har og brukt pappa som klatrestativ i dag!
Reiste seg opp menst han holdt seg i buksa til Nils Ove (som låg på golvet),
så no går det fort fram her=)

Ellers er vi friske og raske alle 3 og har det berre bra!
Vil ønske lille Sofie og mamma Sunniva riktig god bedring!!
-Håper dåkke blir friske igjen fort!!

Han en fortsatt fin kveld alle sammen!

tirsdag 9. februar 2010

Då var nye bilen komt i garasjen

Og til og med far i huset virker å være fornøgd med valget.
Han hadde ALDRI trudd han skulle kjøpe Touran..det hadde forsåvidt ikkje eg trudd  heller. hehe
men en skal aldri sei aldri.

Men ka er greia med den lukta dei har i nye bila??
"Ny-bil-lukt" luktar jo overhodet ikkje godt!! -Eg blir vertfall kvalm av den. Æsj.

Ellers har vi "sosa" litt rundt i Førde i dag.
Var på sjukehuset en tur og prata med Besta til Marcus.
-Så fekk Marcus mat der når ho hadde lunsj.=)
Måtte sjølvsagt inn på kontoret henna ein tur først, sånn at han fekk trykke litt på alle dei rare maskinene ho har der..Og snakke litt i telefonen=)
Fekk såvidt og snakka litt med Besta i Askvoll og, som var i Førde på kurs.
Og som om ikkje det var nok, så fekk han og flørta litt med Merethe, dama til onkel Øystein.
Så prinsen har hatt ein fin dag, håpa vi=)

I kveld hadde vi fotoshoot i badekaret her. hehe
Og her er litt av resultatet. (kan ikkje legge inn alle dei 95 bilda eg tok)










Mamma, kor blir vatnet av????


Ønsker alle en fortsatt fin tirsdagskveld!
Og håper "tante" Kathrin får ei fin natt på jobb.

mandag 8. februar 2010

Ny veke- nye muligheter!!

Då var det "endelig Mandag", som dei seier på ein eller anna TV-kanal..(tv3 eller tvnorge)
I dag har vi faktisk "kjøpt" oss "ny" BIL! -Og det er ikkje noko vi gjer kver mandag ;-) hehe
Skal til Førde og hente den i mårra.
Men må selge den gode bilen vi har no då..og det er ikkje så heilt lett faktisk.-men det går vel bra.

I kveld har vi og vore på babysvømming med Marcus, og i dag har han dykka!! Var så flink!
-Han var faktisk den eine av 2 som dykka forrige gang og. flinkingen vår!:-D
Så var en trøtt og sliten gutt når vi kom heim igjen, fekk litt kveldsmat og sovna nesten med en gang etterpå.

Den første tanna kom og igjennom i dag!!!
-ENDELIG!!

Her er litt bilder fra dagen vår.
(mamma leiker paparazzi heile dagen her no=)

FROKOST
 

MMM..TRAKTOR ER GODT

SJÅ MAMMA..EG SITTER SJØLV!!

MAMMA SEIER EG HAR ET SMIL
SOM KAN SMELTE STEIN!

DYKKERLAPPEN NEXT!!!