søndag 2. mai 2010

Kom Mai du skjønne milde!

              Då har vi bladd om endå eit ark på kalendaren,
og no står det Mai..
Ein begivenhetsrik mnd her i huset.
-Det nærmarer seg FORT bryllup, og har ein følelse av at mykje gjenstår...
(men eg finn ikkje ut ka det er vi har glømt..)
-Det er heller ikkje mange dagane til Marcus blir 1 år..
Det er litt blanda følelsar egentlig...er sjølvsagt VELDIG stas å feire 1 års dag,
men kor er det blitt av babyen vår????
Tida går så altfor fort!

Mor i huset er no begynt å jobbe igjen og.
Godt å komme seg ut litt og tilbake i normalt "gjenge", men var ikkje så morro første dagen:-p
Men etter nokre timar slo eg meg til ro med at han hadde det heilt flott heime med pappa'n.
Og gutta boys kosar seg!!=)
Så no skal Nils Ove jobbe mandag og tirsdag, og eg jobbar onsdag, torsdag og fredag.
(NO har 60% pappa-perm for å få forlenga permisjonstida, fram til Marcus skal i bhg.)

Ellers har Marcus no fått 6 kvite tenner.
(Forrige helg poppa det ut 3 tenner på 4 dagar.)
Så no kan han virkelig bite i frå seg, så pass fingrane!

Håpar alle har hatt ei fin helg og får ei fin veke!

So Long!





3 kommentarer:

  1. Å so koselig!!!! Han Marcus produserer tenner som få!:) Sjønningen til tanta!

    Kor skal han feirast? mtp. at pappa har neste dag?
    STor klem!

    SvarSlett
  2. Ja,han produserer bra..trur det er endå fleire på vei=)

    Han skal feirast her heime sjølvsagt!

    SvarSlett
  3. Hurra for Marcus!
    Vi gleda oss til å vere med å feire han.

    SvarSlett