fredag 19. mars 2010

Ingen superblogger

Nei, eg er ingen superblogger. Er jo faktisk 10 daga sia forrige innlegg her...sløvt!!
Men dagane fyk avgarde, og det er håplaust å prøve å blogge på dagtid når Marcus er over alt her..og så blir det ikkje den dagen heller:-p
men her kjem ei lita oppdatering.

Sia sist har prinsen blitt 10 mnd, og no er det bånn gass heile tida!
Han kryp i full fart over alt her, og klatrar og klyv på det han måtte finne.
Leikar er ikkje lenger så spennande, no er det meir morro med alt som står på bodet eller er i skuffer, hyller og skap rundtom.
Forrige helg var han sjuk, stakkar..forkjøla med feber.
Er fortsatt litt forkjøla, men i fin form.
Så vi kom oss ikkje på bading på mandag=( det var kjedlig...var siste gongen og.
Men til hausten er det nytt kurs, og i mellomtida får vi holde ved like det vi har lært sjølv;-)

Ellers går dagane som normalt. Det er snart påske, og neste helg reiser vi til Askvoll.
Mulig eg og Marcus blir igjen der når Nils Ove skal heim å jobbe i veka.
Ellers går det mykje i bryllupsplanlegging, er ein heil del som må ordnast med.
Men trur vi har kontroll. Er 2 veker til svarfristen går ut, så får sjå kor mange som svarer.
Og i dag er det akkurat 3 mnd igjen. Vi gler oss!

Det er fredag og nok ei veke er snart over.
Håper alle får ei fin helg, og at snøen regnar vekk fort og vi får vår!!


Ciao!



2 kommentarer:

  1. Hei,hei.
    Koseleg med ei oppdatering.
    Ja, dagane er travle med ein liten krabat i den alderen, men det er berre å nyte dei, for dei går fort.
    Vi gleda oss til neste helg, når vi får besøk,KJEMPEKJEKT :-)

    Ei fin helg til dåke og.
    Klem

    SvarSlett
  2. heisann vennen min :)
    bjørnar har visst fri i påska likevel, så da skal han være med til askvoll :)) men da blir det sikkert ikkje til at vi reiser før neste søndag, men såg at dåke kanskje skal være ut i veka?! hadde vore veldig kjekt ;D er det muligheter for JAM på deg?? hadde vore kos med ein liten fest etter gammalt!! så vil eg jo selvfølgelig kose litt med skjønne marcus :D

    SvarSlett