onsdag 14. april 2010

1 mnd igjen!

Hurra!!
I dag er Marcus 11 mnd gammal, og det er altså berre 1 mnd igjen til den store dagen hans!
Tida flyr og det er knapt så vi rekk henge med i svingane.
Vi har langt mindre tid til å blogge vertfall...:-p
(beklager,kom ikkje på noko betre unnskyldning for å ikkje ha oppdatert på snart 1 mnd..)

Det skjer store ting i denne alderen, og han oppdagar stadig nye ting.
Det er ikkje lenger så morro å krype heller..no skal han berre gå.
Så mamma og pappa går her krokrygga store delar av dagen;-)
Men han går sjølv dersom han har noko å holde i. Så han veit å komme seg fram på eiga hand.

På mandag kom og tann nr 3 fram og såg dagens lys, så no har han 2 nede og den første framtanna oppe er altså på vei ut;-) så søt atte;-)

Ellers nyter vi dei deilige vårdagane.
Vi er mykje ute i sola og Marcus storkosar seg. Han er med å køyrer traktor og det er fortsatt noko av det største som er. Så tøff der han sit med solbriller og "peltor"hørselvern. -Og han veit det sjølv og! hehe
Får desverre ikkje lagt inn bilder endå, då pc'ane mine har takka for seg og eg ikkje gidder legge dei inn på ein anna pc.
Men bilde kjem etterkvert.

Eg må no nyte den siste veka av mammapermisjonen min...
Begynner å jobbe igjen neste fredag og eg gru-gleder meg.
Blir ikkje så kjekt å reise ifrå Marcus, men veit han har det bra her når eg er på jobb,så det går nok fint.=) Berre uvant til å begynne med.

Det nærmer seg og bryllaup i heimen, og spenninga stig.=)
Vi gleder oss masse og TRUR vi har brukbar kontroll....(men det vil jo vise seg.:p)

I måra lurte vi på om vi rett og slett skal reise på hotellet og bade.
Lenge sia vi har vore der no, og Marcus må jo få øve på alt han lærte på babysymjinga=)
Vi får sjå ka det blir til.

Uansett ønsker vi alle en fortsatt fin kveld og så får vi tru det ikkje blir like lenge til neste oppdatering!:-p

Ciao!

3 kommentarer:

  1. Hei! Så kjekt å sjå liv her igjen!
    Stor klem!

    SvarSlett
  2. Hei,hei.
    Dette var kjekt ;-)
    Tenk at Marcus er blitt 11 mnd alt, hjelpe meg dom tida flyr.
    Og mammapermisjonen er snart historie,no må du nikose deg dei siste dagane av den.
    Blir nok litt kjekt å begynne å jobbe igjen og, det blir tid til mykje kos likevel.

    Ynskjer dåke ein fin kveld alle tre.
    Snakkast i helga.

    Ps. takk for det herlege "krølle-bildet"

    SvarSlett
  3. GRATULERER MED DAGEN SYSTA!!!! :)
    GLAD I DEG!

    SvarSlett