søndag 7. februar 2010

Litt søndagsbilder.






God Søndag, alle sammen.
Då var det snart slutt på denne helga og, og godt er det:-p
Likar vanlegvis helg, men er så kjedlig no når min kjære jobbar natt..(18-06), så frå i måra tidlig har han fri til neste helg igjen..då skal han jobbe 06-18, men kjem no heim om kvelden då.=)
Men vi har no forsåvidt hatt ei fin helg likevell.
Har faktisk vore stille og roleg her i huset..Og det er utruleg herleg!
Her har det nemleg ikkje vore noko vane å vere ÅLEINE når eg er åleine heime..
Det høyrest nok sprøtt ut, men det spøker her..spøkte vertfall.
Har vore ei dame og en mann her, som eg visste om, men og hund og katt, som eg ikkje har merka noko til...like greit:-p
Har ikkje vore noko farlig altså, men har vore så tungt her..er vanskeleg å forklare, men en merkar det godt om en "tar inn" sånnt. -Energitapping rett og slett.
Men no håpar vi på at dei er vekke..eg er mørkredd så det held uansett om eg ikkje har "folk" gåande rundt i huset når eg er åleine:-p

No er Marcus våken igjen...han har sove ute 1/2 time no.
-Så får vel gå å hente han igjen.

Vi håpar og at Sofie-Snuppa, snart blir frisk igjen!!

klem

Ka e' klokka??

Ser at klokkeslettet på innlegga mine er helt på jorde her...
Så må prøve meg litt fram for å få det riktig..

lørdag 6. februar 2010

Då var det kvelden..

Så var lillegutt sovna og kveldsroen senker seg.
Stakkars liten var så trøtt at han orka nesten ikkje ete kveldsmaten sin..Sovna på fanget mitt.
Men fekk no bada litt likevell:-) Så litt kos før det var leggetid. Han sovna nesten før han traff puta...skjønningen min=)

No er flaskene ferdig kokte, og mor i huset kan berre slappe av nokre timar før ho sjølv skal i seng=) Min kjære jobber natt i helga, så vi er åleine heime..(håper eg;-) hehe

Ønsker alle en fin kveld vidare!

Legger ved et bilde av en nybada liten trøtting=)




Lørdag!

Då var det helg igjen...vekene flyr!
Dagen vår begynte 06.30 i dag, då hadde Marcus sove ferdig.=)
Er greit det, når han er så flink å sove heile natta!
No har eg lagt han ut i vogna for å sove, deilig å kunne sove ute igjen!
Har vore så kaldt her at han har ikkje kunne vore ute, men i dag er det sol og ca -5 grader.  Skikkelig "påske-vêr"=)


Og når gullet sover, så kan mamma blogge!!:-D hihi!
Dag 2 og allerede fått dilla. dette lover bra.

Skal prøve å legge inn litt bilder og sånn i dag, om eg får tid=)

Her er nokre bilder fra dagen i dag.
Min lille ramp=)


Ha en fin dag alle sammen!!

klem

Velkommen til vår blogg

Ja,så måtte vi til slutt gi etter, og melder oss herved inn i bloggernes verden.

Vi er en liten familie på 3 som består av meg (Marion), min kjære samboer, Nils Ove. Og vårt alt...vår lille sønn, Marcus.
Marcus kom til verden 14. Mai 2009. Han hadde litt hastverk og kom 3 veker før termin. -Han var då 2910 gram, 47 cm lang og sjølvsagt heilt perfekt!



Det å bli foreldre er definitivt det største vi har opplevd, og vi er overbevist om at det ikkje finst større glede i livet.
-Det er ikkje alltid en dans på dei berømte rosene, men det skal ikkje så mykje til før både kolikk, og anna er berre eit vagt minne.
Ja,vi har prøvt tilværelsen med kolikk-unge, og det er tøft. -Kanskje til og med værst for foreldra. Men det gikk heldigvis over, og vi fekk en "ny" unge og en ny kvardag nokk ein gong.
Og vi veit vi er heldige, vi har ein frisk og glad liten gutt som søv heile natta og er stort sett smilande og blid.
Han er ein god kosegutt, men har ikkje tid til å kose så lenge om gangen.
Så vi får nyte den kosen han har tid til;-)

Sjefen nærmer seg farlig fort 9 mnd no, og mamma synst tida går så altfor fort. Det er liksom lenge sia han var baby.
No åler han seg rundt på golvet her i en forrykande fart og prøver seg stadig opp på alle 4 for å krype skikkelig, men klarer ikkje helt å koordinere både armar og bein samtidig endå, men det nærmar seg. 
Det går og hardt utover cd'ar og dvd-samlinga ligg utover golvet fleire gongar dagleg. Men det høyrer vel med det og;-)
Skuffer og skap er og veldig morsomt, og enn så lenge har han greid å passe fingrane...litt flaks skal ein jo ha=)

Her skal vi vidare prøve å oppdatere jevnleg om det som skjer i livet vårt, så berre heng deg på.


I kveld er det pappa'n i huset som har tatt seg av kveldsstellet. Det gjer han jo rett som det er, missforstå meg rett, men i kveld var ikkje mamma heime i heiletatt. (det var nok værst for meg ja;-p) Gjekk kjempefint og gutten søv godt i senga si.
Men dagen har starta tidleg i det siste, så eg får vel tenke på å komme meg i seng eg og. Nils Ove jobbar nattskift i helga, så han er ikkje heime før i mårra tidlig.
Ha ein fin kveld og ei god natt vidare, alle sammen.
Takk for at du gadd lese.

Klem frå oss.